Her hadde eg ein blogg ein gong i tida. Eg slutta å bruke den for lenge sidan, og så har den berre stått her. No har eg bestemt meg for å starte med blanke ark. Ikkje fordi eg har noko spesielt å seie i dag, og ikkje fordi eg har særleg konkrete idear om kva eg vil skrive om. Ikkje fordi folk har pressa meg til å byrja blogge igjen (men har fått eit par ønsker om det). Tanken berre slo meg, og så gjorde eg det. Og eg savnar det litt. Herleg tidsfordriv - og ein god resept mot å gå på veggen.
Eg kjem nok til å skrive om litt av kvart, som eg har gjort før. Eg vil ikkje avgrense bloggen til noko spesielt, og vil ikkje sette ambisjonar. Det blir nok litt synsing og fortelling frå kva som skjer i livet mitt og rundt meg, litt politikk, litt musikk og film, deling av ting og tang på verdsveven og kva som helst anna. Og sjølv om bloggen er ein plass for meg å utfalde meg, vil eg prøve å gjera den attraktiv for deg, lesaren :)
Livet mitt for tida: Mykje å gjera med SU (fylkesårsmøte kommande helg) og ein del skulearbeid. Har sett ein del på Weeds og The Wire dei siste par vekene og lasta ned Prince of Persia og Zelda på SNES-emulator. Eg har vore for mykje inne på hybelen min og kjenner det i knærne mine. Eg har ommøblert, så eg kan sitte betre, men det er ikkje nok: Frå og med i dag skal eg gå meir ut.
Over og ut.